Ordet er fritt – Ordet er ditt!

Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på forumLARVIK (lørdag 31. juli 2010). Les mer om roperten…

Mystisk datatrøbbel i Valldal.

Denne veka er det jordbærfestival i Valldal, og mange seljarar har sett opp bodene sine. Men bankkort kan du ikkje betale med etter klokka 15.00.
Datatrøbbel rammar no turist- og jordbærbygda Valldal.

Kvar dag når klokka slår 15 slag er det over og ut for minibankar og betalingsterminalar i bygda.

Frustrasjonen er til å ta og føle på i Valldal på Sunnmøre. Ganske nøyaktig klokka 15.00 tek minibankar, betalingsterminalar og breibandssambandet for mange av Telenor sine kundar ein tidleg kveld.

Ein kan no ikkje gå tilbake til den tida der ein bytte sau mot pels og så vidare, det går ikkje, seier ein oppgitt ordførar, Bjørn Inge Ruset.

Ordførar i Valldal, Bjørn Inge Ruset er glad i jordbær, men han vil ikkje la turistane få krite jordbær på vegen, sjølv om det kan vere vanskeleg å betale på andre måtar.

Vi må ha stabil dekning snart, og det er klart at det ikkje kan vere slik at forbipasserande italienarar kan få krite jordbær på vegen. Sjølv om vi er veldig snille og er stolte av bæra vår her inne, så gjer vi ikkje det, altså.

Bensinstasjonen tek no imot både euro og svenske kroner frå turistar som ikkje kan nytte bankkorta sine.

Restauranteigar Kjell Arne Valldal seier det går på omsetnaden laus.
Dei dagane vi har hatt størst problem har vi vorte nøydde til å sende kundar vidare. Det ser vi på omsetnaden når vi gjer opp kassa for dagen.

Forklaringa Telenor har gitt til folk i Valldal held ikkje mål i følgje ordføraren.
Valldal, som ligg heilt inne i arma av Storfjorden som går inn til Geiranger, får besøk av tusenvis av turistar om sommaren.

Eg fekk eit førebels svar på at dette hadde med sandbåtar som la til kai og deira sambandsutstyr som påverka linja. Men no har det vore ferie eit par veker, så vi har ikkje hatt slike båtar her dei siste vekene, seier Ruset.

Telenor vil no rute om trafikken for å sikre stabiliteten for breibandsabonnenter i Valldalen, og i følgje informasjonssjef Knut Sollid skal dette bli ordna innen 13. august.

I mellomtida leitar ordførar Bjørn Inge Ruset framleis etter svar på det mystiske datatrøbbelet i Valldal.

(NRK)

Kan det være nabokommunen som står bak..
Er misunnelsen så stor – mystisk er det!

Vist 125 ganger. Følges av 3 personer.

Kommentarer

Tror det er en prøve kommune jeg.Bankene er på gang med en ny omveltning,det skal ikke være nødvendig og bruke kortet etter kl 15.Det er på grunn av den økomomiske situasjon i verden.

Kanskje det,men kort må vi ha – pengene skal jo også bort snart.
Er ikke sunnmøringer kjent for å være gjerrige da,sikkert banksjefen
som står bak.

Flott vi er på vei til og bli det pengeløse samfunn,hipp hipp hurra.

Har du blitt sunnmøring nå plutselig?

Nei, men det hadde vært noe det.Forresten hva er galt med sunnmøringer da,jeg kjenner en og det er gutten som kan bruke penger.Fytte katta sier nå jeg,du skulle bare hvist hvor mye penger han spenner bort……

Ikke noe galt med sunnmøringer,tror jeg.
Men så kjenner jeg ingen heller.
Ingen regel uten unntak – passer kanskje på han du nevner..

Ja,han er vel ikke som de andre nei.

Var’ikke sunnmøringane som fant opp kobbertrå’n da. Det var to kraftkarer derfra som fant en femøre……

Annonse

Nye bilder